|
Gardsutsal
Her finn du dei ulike gardsprodukta våre som heimelaga syltetøy, hermetiserte plommer eller eple. Den gode eplemosten frå Syse Gard. Du finn ulike typar foredla lammekjøt, eplechutney mm.
Frå 1. august og til jul er gardsutsalet vårt ope heile tida. Resten av året er det berre å ta kontakt for me har alltid litt på lager.
Sidan produkta våre stort sett er eigenproduserte og frå eigen gard vil sortementet variere i sesongen.
I gardsutsalet vårt finn du gjennom sesongen mange ulike sortar av både moreller, plommer og eple slik at du som kunde skal få lengre sesong og større mangfold enn du ofte finn i butikken. Me prøver samtidig å finne dei beste sortane slik at du som kunde skal finne den gode smaken! Treng du råd om korleis du skal nytte produkta hjelper me deg sjølvsagt med dette.
Gardsutsal - Eple
Sesong september - desember. Alle sortar egnar seg for frisk konsum. Nokre sortar er betre som "mateple" enn andre sortar.
Sortar:
- Discovery: Friskt eple med god smak
- Raud Prins: Friskt eple med litt syrleg smak.
- Summerred: Raudt,syrleg eple med mykje smak. Kan lagrast ei stund utover hausten.
- Gul Gravenstein : Gult syrleg eple. Svært godt mateple, men òg godt til frisk konsum. Kan lagrast til jul.
- Raud gravenstein: Raudt/gult syrleg eple. Lik Gul Gravenstein.
- Aroma: Godt aromatisk eple. Held seg godt til jul.
- Raud Aroma: Godt aromatisk eple med raud dekkfarge. Fint juleeple.
- Raud Ingrid Marie: Svært godt lagringseple. Godt eple. Vert "mjøle" etter ei stund.
- Elstar: Svært velsmakande lagringseple.
Gardsutsal - Eplemost
Eplene i eplemosten vår vert hausta fullmodne og friske før me pressar dei og lagar eplemost av dei. Epla vert først raspa på ei grov kvern, før me etterpå har den over på pressa for å presse ut all safta. Denne vert så nytta til:
- Eplemost: pasteurisert. Mosten vert varma opp til 78`C før den vert tappa på flasker eller «bag in box». Mosten vår er eit reint naturprodukt utan tilsetjing av vatn eller sukker. Den er heller ikkje filtrert det vil seie at du av og til kan få litt botnfall i eplemosten. « Det er her vitaminene ligg...........!!» Mosten vert pasteurisert for at den skal halde seg og ikkje begynne å gjære.
- Eplemost: råsaft. Denne safta vert berre pressa før me har den på dunkar. Dette er ferskvare og må stå kjøleg. Skal den halde seg må den frysast.
Eplemost pasteurisert vert produsert på 0,5 l og 0,7 l flasker i tillegg til 3L Bag in box.
Eplmost råsaft må helst bestillast og vert levert i 5l eller 25 l dunk. Evt eigen emballasje.
Gardsutsal - Pære
Sesong sept - oktober.
Nokre sortar er best til frisk konsum, andre egnar seg best til hermetisering.
Clara Frijs:Svært god pære til friskkonsum
Ingeborg: Til frisk konsum eller hermetisering
Sortar:
- Clara Frijs: Svært god pære til friskkonsum.
- Ingeborg: Til frisk konsum eller hermetisering.
- Mallard: Svært god "eteplomme" Er òg god til å lage syltetøy av.
Gardsutsal - Plommer
Sesong medio august - medio september. Ulike sortar. Nokre er best for frisk konsum, andre er best til syltetøy eller hermetisering.
Sortar:
- Edda: Svært god "eteplomme". Er òg god til syltetøy.
- Opal: God å ete.God til syltetøy.
- Mallard: Svært god "eteplomme" Er òg god til å lage syltetøy av.
- Viktoria: God til friskkonsum. Svært god til syltetøy.
- Oullins: God til eteplomme. Kjempegod til syltetøy.
- Avalon: Frisk syrlig smak. Blårød, mykje fiber.
- Reeves: God "eteplomme", sein plommesort
Gardsutsal - Moreller
Sesong, Slutten av juli- medio august. Svært gode til frisk konsum. Kan frysast i posar, og takast opp som dessertbær. Treng ikkje sukkerlake eller sukker på.
Sortar
- Van: Søt god mørk kjøttmorell.
- Lapins: Mørk ,sein kjøttmorell. Svært god til frysing.
Gardsutsal - Lam
Lamma vert buførde til fjells på våren, og går på fjellbeitet vårt heile sommaren. Kjøtet er foredla heime på garden etter gamle tradisjonar, røykt og salta i mosstova vår(røykjehuset). Dette gjev kjøtet ein særeigen og god smak. Fersk Or og Brakje (Einer) vert nytta i røykjinga. Or for å gi kjøtet raudare farge og Brakje for å få fram rette smaken!
- Pinnekjøtt: Vert salta, røykt og litt turka. Pinnekjøtet vert levert ferdig oppkappa. Gryteklart.
- Røykjekjøt: Vert salta og røykt. Dette er kjøt som passar godt til kumle og kålrabi, potet og kålrot, eller i lag
med ertesuppe. Passar og godt som røykt kjøtsuppe. Røykjekjøtet vert levert ferdig oppkappa. Gryteklart
- Spekekjøt: Fenalår (lår av lammet). Vert salta, røykt og turka.
Brukast som annan spekemat.
- Rullepølser: (svangane + bogkjøt på lammet).
Vert salta, røykte og kokte.
Skjærast i tynne skiver og brukast som kjøtpålegg.
- Sysekorv: Råkorv laga av sauekjøt. Kraftig røkt korv med mykje smak.
- Lammelår: Nydelig som lammesteik.
- Lettsalta, lettrøkt lammelår:Varmt som middag, eller kaldt som pålegg.
Gardsutsal - Pyntegrønt
I slutten av november begynner vi å hauste inn ulike typar pyntegrønt.
Vrihasselen er fin til å henge opp ulike ting i eller ha som dekorasjon i ein vase.
Sibirkornellen har fin raudfarge til jul.
Me har ulike typar bar til dørkransar. Du kan og få kjøpt ferdige kransar, eller bestille.
Kom innom for å ta ein kikk før jul.
Gardsutsal - Produktliste
Moreller, plommer, pærer og eple leverar me vanlegvis i desse storleikane, men har du andre ynskje er det heilt ok.
Moreller:
- 0,3 kg korger
- 0,5 kg korger
- 5 kg kasser
Plommer:
- 0,750 kg korger
- 6 kg kasser
Pærer:
- 1 kg korger
- 5 kg kasser
- 8 kg kasser
Eple:
- 1 kg korger
- 5 kg kasser
- 8 kg kasser
Eplemost: (pasturisert)
- 3 l Eplemost
- 0,7 l Eplemost (flaske)
- 0,5 l Eplemost (flaske)
Eplemost (råsaft) på bestilling om hausten.
Lammekjøt:
- Pinnekjøt m/rygg(Ferdig salta, røykt, tørka, oppdelt)
- Røykjekjøt av bog og nakke
- Rullepølser med bogkjøt (Ferdig kokte)
- Fenalår,- (ferdig tørka til våren)
- Lammelår Lettsalta, lettrøykte
- Sysekorv (råkorv)
Ved bestilling av eit heilt lam får du ved henting 3L eplemost og ein valfri dessert med deg heilt gratis!!
1 stk lam er td: 2 stk fenalår, 2 stk pinnekjøt, ca 5 kg røykjekjøt, 2 stk rullepølse.
Syltetøy/Hermetisk frukt med meir:
- Plommesyltetøy av Edda ,Viktoria, Mallard 290ml
- Hermetiske plommer av Opal og Mallard 535ml
- Hermetiske plommer av Opal og Mallard 850ml
- Eplechutney 120ml el 290ml
- Tørka eple i posar ca 30g
- Pyntegrønt i desember.
Utvalet vil variere etter sesongen. Pris på forespørsel.
|