|
|
Om garden
Syse Gard er ein typisk vestlandsgard som ligg i sørhellinga, nord for Ulvikpollen i Ulvik i Hardanger,innerst i Hardangerfjorden. Garden ligg ca 80 m.o.h med god utsikt over fjorden. Dei lokale klimatiske forholda ligg godt til rette for fruktdyrking her.
Gro og Hans som no driv garden er femte generasjon på bruket. I tillegg bur dei tre borna på garden og kårfolket Synnøva og Erling. Alle generasjonar hjelper til når det trengs i sesongen om hausten, men og ellers i året. Familien sin arbeidsinnsats er uvurderleg!!
Siste ti åra har det vorte planta mykje nytt på garden, utvalet har auka både på moreller, plommer og eple . I tillegg er det planta pærer. Dette er for å gjere sesongen lengre for dei ulike produkta, og for at du som kunde skal ha eit betre utval.
Om vinteren er det sauer i fjøsen, og når våren kjem sender me dei til fjell i lag med lamma sine. Me tek dei heimatt om hausten og foredlar alle lamma våre sjølve. |
|